lørdag 10. juli 2010

Arbeidande gjest på ein biodynamisk gard

Tre sommarferieveker utan planer og ei tom reisepengekasse. Ønskjet om å lære meir om økologisk landbruk var der frå før, og nå dukka ideen om å arbeide nokre veker på ein slik gard opp. Eg har lenge hatt lyst til å besøke den biodynamiske garden Nordgard Aukrust i Lom, som eg tidlegare har bestilt urtete og -krydder frå, og på nettsidene såg eg at dei treng arbeidshjelp i sommarhalvåret. Eit par e-postar seinare, og eg kunne skrive Nordgard Aukrust i kalenderen.

Bilde: Asbjørn Syverhuset.
Lisens: Creative commons (CC-BY-NC-SA).

Slik har det seg at eg har tilbrakt dei siste tre vekene i Lom som arbeidande gjest på ein biodynamisk gard, blant krydderurter, salatar, rotgrønsaker og etande blomar. Eg har vore med og sådd, planta, luka og hausta, og lært meir om økologisk og biodynamisk landbruk. Eg kan skrive under på at det gjer godt for eit slitent studenthovud å tilbringe nokre timar med ugrasluking i åkeren. Eg har drukke utallige koppar med velsmakande urtete frå garden og vorte kjend med trivelege folk frå fleire land.

Biodynamisk og økologisk
Økologisk og biodynamisk jordbruk har mange likheitstrekk, og for båe gjeld det at det ikkje brukes syntetiske sprøytemiddel eller kunstgjødsel, og det stilles strengare krav til dyrevelferd enn i konvensjonelt jordbruk. Båe inneber ein meir heilheitleg måte å tenke på, og ein meir berekraftig måte å dyrke jorda på. Dei praktiske forskjellane mellom biodynamisk og økologisk jordbruk går på at regelverket for det biodynamiske jordbruket er noko strengare,og det biodynamiske jordbruket har røtter i antroposofien og er grunnlagt av Rudof Steiner. I Norge har vi eit felles kontrollorgan for økologisk og biodynamisk mat, nemlig Debio.


Bilde: Ingebjørg Øveraasen.
Lisens: Creative Commons (CC-BY-NC-SA).

Kjelder:

Demeter (frå Grønn Hverdag)
Økologisk matvareproduksjon (Helios)
Biodynamisk matvareproduksjon (Helios)

3 kommentarer:

okohagen sa...

Flott måte å arbeide på i ferien :)

Elisabeth sa...

Oj! :) Det er fast stopp for oss på Nordal Aukrust gard når vi reiser forbi! Verdas nydeligaste uretkrydder og DEN gode mør-pølsa! :) Og dei beste epla... (Dei er faktisk kjempestore også!! :) Heldige deg! :)

Cecilie sa...

For en flott måte å tilbringe sommerferien på! :D

Dette hørtes jo veldig spennende ut, sikkert veldig lærerikt. Er vel midt i blinken for deg, kan jeg tenke meg :)

Var hyggelig å høre fra deg igjen forresten! Ha et fint opphold videre!

Klemmer fra Cecilie :)