mandag 5. januar 2009

Puy, så godt!

Puylinser er grønne linser som dyrkes i Frankrike. De har en god smak og beholder fasongen når de kokes, og har dermed fortjent sin plass som en av mine favorittbelgfrukter.

Som andre belgfrukter har linser et høyt innhold av proteiner og fiber, men linser har i tillegg den fordelen at de har kortere koketid enn bønner. Dersom linser serveres sammen med ris eller korn, får vi en bedre aminosyresammensetning enn dersom de spises for seg selv.


Puylinser som tilbehør


Før koking må linsene skylles grundig i vann.

En del puylinser kokes med seks deler vann med Helios grønnsaksbuljong i 15 - 20 min. Overskuddsvannet slås ut etter koking, og før servering kan du røre inn en smørkladd.

Dette smaker kjempegodt, og er perfekt som tilbehør, gjerne sammen med ris. Hjemme hos oss har puylinser blitt fast følge til laks.


Foto: Anne

3 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Heisann og godt nytt år!!!
Dette virka spennande! Skal jammen prøve. Regna med eg får ta i slike linser på helsekost butikker.
Men du, eg lurte på en ting... Har du en god oppskrift på en vegetarlasagne?
Klem

Anne sa...

Godt nytt år!

Eg kan anbefale deg å prøve dei! Eg kjøper dei på Ultra i Trondheim, så eg vil tru dei har dei på andre store matvarebutikkar og, som til dømes Meny eller Mega.

Eg har ei oppskrift på vegetarlasagna. Det var ein av favorittane medan eg budde heime, for den blir veldig god når mor mi lager den. Men då eg prøvde oppskrifta sjølv for ei stund sidan, blei eg ikkje heilt nøgd. Tykte den blei litt vassen.

Om du har lyst til å prøve oppskrifta, så er ho her:

Grønnsakssaus:
3 ss smør
4 stilkar selleri (eg var ikkje så glad i selleri då eg var yngre, så vi brukte å droppe det)
2 lauk
3 gulerøter
2 paprika
½ ts salt
½ ts pepar
1 ts oregano
1 boks hermetiske tomatar

Ostesaus:
3ss smør
3ss kveitemjøl
4 dl mjølk
200 g reven ost

Rens og del grønsakene og fres dei blanke i smør. Tilsett krydderet og dei hermetiske tomatane. La alt koke til grønsakene er møre. Lag kvit saus av smør, mjøl og mjølk, og rør inn osten. Legg lasagneplater og grønsakssaus lagvis i forma. Hell ostesausen over det øvste laget med lasagneplater. Dryss gjerne litt reven ost på toppen. Serverast rykande varm.

Om du prøver oppskrifta vil eg gjerne høyre korleis det gjekk!

Klem

Anna Lisa sa...

Takk!!
Skal kansje prøve den denne uka :)
Gir deg tilbakemeldig eg :)
Klem